Dei siste åra har me gjort det til ein tradisjon at mi kjære mor tar turen til oss, eller me til ho, for å baka julekaker og laga julepynt. Både unge og ikkje fullt så unge storkosar seg med dette, og kvar gong seier me at slik kvalitetstid må me ha oftare :)
I år er det førstkomande onsdag som er den utvalgte dagen, så i kveld har eg laga pepperkakedeig etter ei oppskrift som eg fann inne hos Franciskas Vakre Verden. Prøv den du og, du finn den HER.
I morgon skal eg etter planen laga deig til kakemenn, så då tenkjer eg me har bakinga under kontroll :)
Og som den førsteklasses husmora eg er så skal alt lagast frå botnen av i år.
Har t.d. alltid kjøpt ferdig pepperkakedeig, men ikkje i år ... Så no gjenstår det berre å sjå om kakene fell i smak hos den yngre garde :)
![]() |
Pepperkakebyen i Bergen |
Ambisjonane strekk seg ikkje lenger enn til nokre hjarter, stjerner, menn og damer her i huset. Men jaggu hadde det vore stilig med ein liten pepperkakefjellandsby på Solheim :)
Det får bli eit anna år
Nyt siste rest av mandagen !
Klem / Janne
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Tusen takk for at du legg igjen ei helsing <3